Vil du vere med og forme framtidas kommune – i skjeringspunktet mellom leiing, samfunnsutvikling og politikk?
Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune
- Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal (Kvinnherad), Vestland
Kontakt for spørsmål
- Yngvar SkarvelandPersonalsjef
Vi søkjer ein strategisk og samlande assisterande kommunedirektør som ønskjer å bidra til vidare utvikling av kommunen som organisasjon og samfunnsaktør. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og vil vere ein sentral pådrivar i arbeidet med å sikre gode tenester til innbyggjarane.
Kommunen vår er kjenneteikna av storslått natur med fjord, fjell og variert kulturlandskap. Vi er ein aktiv samfunnsaktør med mange spennande utviklingsprosjekt, og vi ønskjer å leggje til rette for både næringsutvikling, gode oppvekstvilkår og attraktive bumiljø.
Hos oss vert du del av eit fleirfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse, godt samarbeid og støttande kollegaer, der vi jobbar saman for å levere gode tenester og utvikle kommunen vidare.
Som assisterande kommunedirektør vil du ha ei sentral rolle i toppleiinga, og bidra til heilskapleg leiing, samordning og utvikling av organisasjonen. Stillinga omfattar både strategiske og operative oppgåver, og kan innebere ansvar for eigne fagområde og stabsfunksjonar.
Du vil arbeide tett med kommunalsjefane og øvrig leiing, og bidra til å utvikle kommunen i tråd med politiske vedtak, overordna mål og gjeldande regelverk.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Personal- og budsjettansvar for stabsressursar innan administrative og faglege støtte- og utviklingsområde, i tråd med gjeldande organisering.
- Overordna ansvar for kommunen sitt beredskapsarbeid:
- koordinere heilskapleg beredskapsarbeid
- utarbeide og følgje opp overordna beredskapsplanar og styringsdokument
- sikre oppdaterte rutinar og varslingslister
- Utarbeide tydelege og godt opplyste saksframlegg til politisk nivå, som gir eit solid grunnlag for gode avgjerder
- Delta aktivt i kommunedirektøren si leiargruppe, med sektorovergripande ansvar og bidrag til strategisk utvikling
- Følgje opp internkontroll og bidra til god styring og kvalitet i organisasjonen
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har høgare relevant utdanning og solid leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor. Du har god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon, og erfaring frå strategisk leiing og organisasjonsutvikling. Det er ein fordel med kunnskap om økonomistyring, beredskap eller andre sentrale kommunale ansvarsområde.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er ein tydeleg og tillitsskapande leiar med gode samarbeidsevner, samt skapa motivasjon og engasjement. Du evnar å sjå heilskap, skape retning og gjennomføre endringar i samspel med andre. Du arbeider strukturert og analytisk, samstundes som du har evne til å vere fleksibel og løysingsorientert i ein kompleks kvardag. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kvifor søkje hos oss?
Hos oss får du høve til å arbeide tett med både administrativ og politisk leiing og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av kommunen i åra som kjem. Du får ei sentral rolle i å bidra til gode og framtidsretta løysingar, med særleg merksemd på digitalisering, utvikling og effektivisering av tenestene. Vi tilbyr ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit engasjert fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
I tillegg kan vi by på ein kvardag i ein kommune med rik natur, gode friluftsmoglegheiter og livskraftige lokalsamfunn – eit godt utgangspunkt for både arbeid og fritid.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter dagens reglar få sletta 25 000 kroner i året av studielånet.
- I tillegg kan vi by på ein kvardag i ein kommune med rik natur, gode friluftsmoglegheitar og livskraftig lokalsamfunn - eit godt utgangspunkt for både arbeid og fritid.
- Løn etter avtale
I samsvar med offentlegheitslova §25 gjer vi oppmerksam på at opplysingar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjarane vil i tilfelle bli kontakta på førehand.
Link til søknadsskjema: Søk her
Slik søker du
Søknadsfrist: 13. desember 2026
SøkÅpne originalannonsenBeregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →
Nyttig før du begynner i jobb
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb