Gå til innhold
← Alle stillinger

Vil du bli vår nye assisterande seksjonsleiar?

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF

Arbeidsgiver: Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Vestland
Søknadsfrist: 6. desember 2026
Publisert: 23. november 2026
Synlig til: 6. desember 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Vil du vere med å utvikle og forme ein ny seksjon i MBF?
Frå 1. mars 2027 blir preanalytisk seksjon og seksjon for pasientnær analysering samla til éi felles eining. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med på å bygge opp, utvikle og forme den nye seksjonen.

Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid. I tett samarbeid med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester

MBF står framfor fleire viktige utviklings- og endringsprosessar i åra som kjem. Som assisterande seksjonsleiar får du vere med på å forme den nye seksjonen og bidra til vidare utvikling av laboratorietenestene i avdelinga.

Litt om oss
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene innan  medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.
Verksemda omfattar rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.


Arbeidsoppgåver

  • Tett samarbeid med seksjonsleiar
  • Bidra til å vidareutvikle arbeidsprosessar, kvalitet og samhandling på tvers av fagområde
  • Medansvar for drift,  bemanning og ressursplanlegging
  • Medansvar for økonomi og budsjettoppfølging
  • Stedfortredar for seksjonsleiar
  • Personalansvar for fagbioingeniørar og bioingeniørar i PNA-gruppa

Kvalifikasjonar


  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Minimum 2 års relevant erfaring frå medisinsk laboratorium
  • Erfaring frå koordinering, fagansvar eller leiing er ein fordel
  • Erfaring med pasientnær analysering og pasientnære instrument er ønskjeleg
  • Erfaring frå endrings-, forbetrings- eller utviklingsarbeid er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne med norsk som hovedmål

Personlege eigenskapar

  • Er engasjert i medarbeidarar, fagmiljø og organisasjonsutvikling
  • Trivst med ansvar og tar initiativ
  • Arbeider strukturert og målretta
  • Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er løysingsorientert og handterer endringar på ein konstruktiv måte

Du motiverast av å skape gode resultat saman med andre, og ser verdien av å kombinere dagleg drift med utviklings- og forbetringsarbeid.

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit fagmiljø med høg kompetanse
  • Dagstilling utan vakter
  • Løn etter avtale


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Marie Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829, nina.marie.namtvedt@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5210339501
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 6. desember 2026

SøkÅpne originalannonsen

Beregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →