Sjukepleiar
Ytre Haram omsorgsdistrikt
- Storgata 20, 6270 Brattvåg (Haram), Møre og Romsdal
Kontakt for spørsmål
- Ingrid Beate MathisenTenesteleiar
- Sandra Østborg LorgenAvdelingsleiar
Vi søkjer etter sjukepleiarar i følgjande stillingar:
- 100% fast stilling, for tida i turnus på dag/kveld. Stillinga består i hovudsak av langvakter, og har arbeid kvar 4. helg.
- 75% fast stilling, for tida i turnus på med arbeid 3. kvar helg. 69,01% av stilling er på natt, øvrig er på dag eller kveld. Det er mogleg å jobbe rein nattstilling ved å takke ja til 69.01% stilling.
Stillingane er for tida på Haram omsorgssenter.
På Haram omsorgssenter har vi korttidsavdeling og langtidsavdeling. Sjukepleiarane er organisert i stab, og har lang og god erfaring med denne arbeidsmetoden. Det er tett samarbeid i sjukepleiargruppa, og med øvrige faggrupper.
I Ytre Haram omsorgsdistrikt er nattevaktene organisert i eit natt-team. Det er tett og godt samarbeid mellom heimetenesta og Haram omsorgssenter, med 2 sjukepleiarar og ein helsefagarbeider planlagt i turnus. Ein arbeider som eit team, med klar arbeidsfordeling på vakter.
Kommunalområde Helse- og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar. 3. års sjukepleiarstudentar kan også søkje, med krav om å fullføre utdanning innan 2026.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Det er krav om dokumenterte språkferdigheter som tilsvarar B2 på Europarådet sin nivåskala for språk (CEFR).
- Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Du må kunne bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Du må ha personleg BankID eller ID-porten for innlogging mot ulike digitale løysningar.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du må vere oppteken av fag og framtid.
- Du må vere løysingsorientert og engasjert.
- Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
- Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med base i Brattvåg.
- Framtidsretta arbeidsmetodar med fokus på velferdsteknologi.
- Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Sandra Østborg Lorgen, Avdelingsleiar, sandra.ostborg.lorgen@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5210969968
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 6. desember 2026
SøkÅpne originalannonsenBeregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →
Nyttig før du begynner i jobb
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb