Gå til innhold
← Alle stillinger

Saksbehandlar/Reiseplanleggar

Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF

Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Åsebøen 5, 6017 Ålesund, Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 6. desember 2026
Publisert: 23. november 2026
Synlig til: 6. desember 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Vikariat
Omfang: Heltid
Yrke: Kontor og økonomi

Kontakt for spørsmål

Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal?

Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledig eit vikariat i 100% stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar.
Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg.
Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar. 

Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!

Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling og rettleiing i tråd med pasientreiseforskrifta
  • Brukarstøtte og opplæring i system og regelverk
  • Reiseplanlegging og koordinering av transport
  • Oppfølging av transportørar og rekvirentar
  • Aktiv deltaking i forbetringsarbeid og utvikling av seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • God digital kompetanse og erfaring med kontorstøtteverktøy
  • Erfaring frå saksbehandling, kundeservice eller logistikk er ein fordel
  • Fullført vidaregåande utdanning
  • Det kreves ikkje utdanning for bachelor og/eller master 

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt, samarbeidsorientert og sjølvgåande
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • God evne til å meistre stress og krevjande situasjonar
  • Trivst med relasjonsbygging og samarbeid

Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eigen bedriftshelseteneste og vaksinasjonsprogram for tilsette
  • Ein organisasjon med høg grad av medverknad og godt partssamarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar for bestått vidaregående utdanning
  • Ein meiningsfull jobb, i ein region med høg livskvalitet
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Esben Magnell, Seksjonsleiar, esben.magnell@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsebøen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5208996205
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 05.09.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 6. desember 2026

SøkÅpne originalannonsen

Beregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →