Gå til innhold
← Alle stillinger

Miljøterapeut  

Avlastningsbustad for born, Haram kommune

Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne (Haram), Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 13. desember 2026
Publisert: 23. november 2026
Synlig til: 13. desember 2026
Antall stillinger: 2
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Butenesta i Haram har ledig  2x100% stilling som miljøterapeut. Stillingane er for tida ledig i avdeling barnebustad og avlastning.
Stillingane er ledig frå 4. januar 2027, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg. 

Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Basen for butenesta er lokalisert i Brattvåg, og enkelte dagar kan oppmøtestaden vere der i samband med møte og andre arbeidsoppgåver. Som miljøterapeut ved Solbakken blir du ein del av eit tverrfagleg team saman med dyktige miljøterapeutar og andre medarbeidarar med helsefagleg kompetanse. Dette gir eit godt fagmiljø med høve til samarbeid, læring og fagleg utvikling.

Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 var Butenesta med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane.

Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrar og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  •  Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Primær- og koordinatoransvar.
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar eller anna treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. 
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge med samansette hjelpebehov er ønskjeleg.
  • Erfaring med åtferdsutfordringar, autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming.
  • Kompetanse innan målretta miljøarbeid og miljøterapeutisk oppfølging.
  • Kunnskap om lovverk knytt til helse- og omsorgstenester, herunder helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og samarbeid med pårørande.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med utarbeiding og oppfølging av tiltak, målplanar og vedtak er ønskjeleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd, samt MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
  • Du må ha personleg BankID eller ID-porten, som kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen, mm)

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Trygg, omsorgsfull og relasjonssterk i møte med barn og unge.
  • Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta faglege avgjerder.
  • Strukturert og ansvarsbevisst.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Janne Madelen Bergene, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, Janne.Madelen.Bergene@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5202003601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 13.12.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 13. desember 2026

SøkÅpne originalannonsen

Beregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →