Gå til innhold
← Alle stillinger

Foldnes skule

Øygarden kommune Foldnes skule

Arbeidsgiver: Øygarden kommune Foldnes skule
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Skiftedalsvegen 1, 5354 Straume (Øygarden), Vestland
Søknadsfrist: 7. desember 2026
Publisert: 23. november 2026
Synlig til: 7. desember 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Reiseliv og mat

Kontakt for spørsmål

 Om avdelinga:

Foldnes skule ligg på  Litle Sotra, om lag 15 min frå Bergen sentrum. Skulekrinsen dekkjer Foldnes, Våge og Anglevik. Skulen er ein fulldelt barneskule med 280 elevar fordelt på 14 klassar.

 

Vi har no ledig to lærarstillingar:

  • 100 % fast stilling frå 01.01.27
  • 100 % stilling vikariat frå 1.03.27 -31. 07.27(kan bli forlenga)

 Kvalifikasjonar:

  •  Godkjend grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
  •  Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

  •  Har fagleg tyngde, viser omsorg, er åpen og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar
  •  Er ein god relasjonsbyggar
  • God og tydeleg klasseleiar
  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
  • God på organisering og systemarbeid
  • Høg personleg og profesjonell integritet
  • Er lojal mot skulen sine verdiar og mål

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Slik søker du

Søknadsfrist: 7. desember 2026

SøkÅpne originalannonsen

Beregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →