100% stilling som verksemdsleiar ved Samfunnsutvikling
Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
- Opheimsgata 31, 5750 Odda (Ullensvang), Vestland
Kontakt for spørsmål
- Gunnvor S. MedhusKommunalsjef Kultur, næring og samfunn
Vil du vera med og forma framtida i ein av dei mest spanande og mangfaldige distriktskommunane i landet?
Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg, samlande og engasjert verksemdsleiar for Samfunnsutvikling i 100 % stilling.
Stillinga er ny og du vil få stor innflytelse på korleis du ønskjer å organisere verksemda.
Som verksemdsleiar får du ei sentral leiarrolle i kommunen sitt arbeid med å leggja til rette for berekraftig vekst, framtidsretta arealforvaltning, god forvaltningspraksis og gode tenester til innbyggjarar og næringslivet. Verksemda femnar om eit breitt og fagleg sterkt miljø, fordelt på tre fagområde:
Plan og samfunnsutvikling
Byggesak og oppmåling
Landbruk og havbruk
Kvart fagområde har eigen fagleiar som ivaretek den daglege faglege oppfølginga, i samråd med deg. Di hovudoppgåve vert overordna leiing med særleg fokus på å vere ein samlande leiar som set det gode arbeidsmiljøet i fokus. I tillegg blir det viktig å sette strategisk retning, sørge for trygg økonomistyring og å skapa gode samhandlingsarenaer internt og eksternt. Verksemda har i dag eit samla ansvar for 21,15 årsverk.
Sentrale arbeidsoppgåver
Personalleiing og organisasjonsutvikling: Byggja eit trygt, tverrfagleg og motiverande arbeidsmiljø på tvers av dei tre fagområda der medarbeidarane har fokus på å spele kvarandre gode.
Økonomi- og verksemdsstyring: Ansvar for budsjett, økonomirapportering, ressursfordeling og måloppnåing innanfor eige tenesteområde.
Dialog og samhandling: Sikra at verksemda møter innbyggjarar, andre kommunale avdelingar, utbyggjarar og eit variert næringsliv (mellom anna landbruk, fruktdyrking, industri, og havbruk) på ein open, løysingsorientert og serviceinnstilt måte.
Saksførebuing og politisk dialog: Førebu saker til politisk handsaming, delta i politiske møter og bidra aktivt i rådmannen si utvida leiargruppe.
Utvikling og digitalisering: Vidareutvikla effektive arbeidsprosessar, gode digitale innbyggjartenester og rettleiing.
Kvalifikasjonskrav
Relevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå (t.d. innan leiing, samfunnsfag, samfunnsplanlegging, juss, økonomi eller anna relevant fagkrins).
Dokumentert leiarerfaring, særleg innan personalleiing og økonomistyring.
Erfaring frå eller god innsikt i offentleg forvaltning, herunder aktuelt lovverk, og det politiske samspelet i ein kommune.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
Personlege eigenskapar
Du motiverer tilsette, delegerer ansvar til fagleiarane og medarbeidarane og skapar felles retning.
Du er ein relasjonsbyggjar som er god til å lytte, etablere tillit og handtere ulike interesser i møte med innbyggjarar, næringsliv og folkevalde.
Du er strukturert og løysingsorientert. Du held oversikt over komplekse prosessar og har god gjennomføringskraft.
Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i samfunnsutviklinga og inspirerer til kontinuerleg forbetring. Du er framme i skoa når det gjeld digitalisering og framtidige løysingar for å gjere tenestene meir effektive og sikra kvalitet.
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.
Me tilbyr
Ei sentral leiarstilling med store moglegheiter til å påverka utviklinga i ein kommune med store naturressursar, industri, fruktdyrking og eit rikt kulturliv.
Eit kompetent, tverrfagleg og engasjert fagmiljø.
Løn etter avtale ut frå kvalifikasjonar og erfaring.
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Fleksibel arbeidstid.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Slik søker du
Søknadsfrist: 10. januar 2027
SøkÅpne originalannonsenBeregn omtrentlig netto i lønnskalkulatoren →
Nyttig før du begynner i jobb
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb