Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef?
Personal og organisasjon
Arbeidsgiver: Personal og organisasjon
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
- Stormyra 2, 6100 Volda, Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 18. oktober 2026
Publisert: 30. september 2026
Synlig til: 18. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Kontor og økonomi
Kontakt for spørsmål
- Rune SjurgardKommunedirektør
Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef.
Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen.
Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.
6100 Volda
Referansenr.: 5187658060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen.
Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi
- drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde
- styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø
- vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål
- leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet
- ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice
- vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll
- ivareta og utvikle partssamarbeidet
- bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap
Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande
- leiarerfaring frå offentleg eller annan kompleks organisasjon
- solid kompetanse innan HR, organisasjonsutvikling og arbeidsgivarpolitikk
- god forståing for offentleg forvaltning og arbeidsrett
- god digital forståing og interesse for utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- tenkjer strategisk og ser samanhengar på tvers av organisasjonen
- tek initiativ og skaper framdrift i utviklings- og endringsprosessar
- evnar å kombinere strategisk tenking med praktisk gjennomføring
- er trygg, tydeleg og handlekraftig i krevjande situasjonar
- byggjer tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid og open kommunikasjon
- har høg gjennomføringsevne og evnar å skape resultat saman med andre
- har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- ei sentral og strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft
- høve til å forme og utvikle organisasjonen
- tett samarbeid med kommunedirektøren og kommunen si leiargruppe
- eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og engasjement
- spennande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter avtale
Volda kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.
Kontaktinformasjon
Rune Sjurgard, Kommunedirektør, 90053752, rune.sjurgard@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Personal og organisasjonReferansenr.: 5187658060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 18. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb