Gå til innhold
← Alle stillinger

Vil du bli vår nye avdelingsleiar for samlingsforvaltning?

Stiftinga Vest-telemark Museum

Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 3891 Høydalsmo (Tokke), Telemark
Søknadsfrist: Snarest
Publisert: 18. september 2026
Synlig til: 10. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Kultur og kreative yrker

Er du historieinteressert, systematisk og strukturert? Vil du vere med å sikre, dokumentere og formidle vår kulturarv?

Vest-Telemark Museum har ei felles samlingsforvaltning for dei einingar som er tilslutta museet. Samlingane omfattar kulturhistoriske gjenstandar, kunst, foto, arkiv og boksamling.

Hva vi ser etter

Søkjar bør ha evne til god munnleg og skriftleg framstilling, og erfaring innan IKT. Det vert lagt vekt på relevant utdanning, praksis og gode samarbeidsevner. Det er ynskjeleg at søkjar har minimum mastergrad innan relevant fagkrins eller relevant erfaring frå museumsarbeid.

Arbeidsoppgaver

  • Dagleg oppfølging av samlingsavdelinga med ordning, registrering og publisering av samlingane samt drift av fellesmagasin

  • Planansvar for samlingsarbeidet

  • Ta del i fagnettverket for privatarkivarbeidet i Telemarksarkivet og følgje opp Bevaringsplanen for privatarkiv

  • Statistikk og rapportering

  • Støttefunksjon i museets formidlings- og utstillingsarbeid

  • Prosjektleiing

Museet brukar fagsystemet ASTA og publiserer arkiv på arkivportalen.no og digitalarkivet. Elles er Primus det sentrale registrerings- og publiseringsverktøy for gjenstandar og foto.

Tiltreding snarast. Søknadsfrist 10. oktober.

Meir informasjon kan du få ved å kontakte direktør Dag Rorgemoen på 97 086 084 eller e-post dr@vtm.no.

Sjå elles www.vtm.no for informasjon om oss.

Søknad med vitnemål og attestar sender du til dr@vtm.no eller Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo.

Vi tilbyr

Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår.

Slik søker du

Søknadsfrist: Snarest

Søk på e-post

Søknadsadresse: dr@vtm.no

Åpne originalannonsen