Vi søkjer sjukepleiar!
Intensiv sengepost, Haugesund Sjukehus
Arbeidsgiver: Intensiv sengepost, Haugesund Sjukehus
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
- 5528 Haugesund, Rogaland
Søknadsfrist: 2. oktober 2026
Publisert: 10. september 2026
Synlig til: 2. oktober 2026
Antall stillinger: 2
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial
Kontakt for spørsmål
- Hege ØstensjøFunksjonsleiar
❤️ Bli ein del av vårt engasjerte intensivteam!
Ønskjer du å utvikle deg innan intensivsjukepleie og få verdifull erfaring i eit spennande og høgt kompetent fagmiljø? Då kan dette vere moglegheita for deg.Hos oss får du arbeide tett på kritisk sjuke pasientar i ei moderne intensivavdeling, samtidig som du blir ein del av eit inkluderande team med stort fagleg engasjement. Stillinga gir ei unik moglegheit til å bli kjent med intensivfaget og vurdere vidare utdanning innan intensivsjukepleie.
📍 Stillinga er i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Intensiveininga er ei kombinert intensiv- og postoperativ avdeling og er ein del av Anestesi-, intensiv- og operasjonsavdelinga i Kirurgisk klinikk.
✨Hausten 2021 flytta vi inn i heilt nye og moderne lokale ved Haugesund sjukehus, med utstyr og fasilitetar som legg til rette for avansert pasientbehandling, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kjenner du deg igjen i dette? Då håpar vi du søkjer!
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleie til kirurgiske og medisinske intensivpasientar.
- Overvåke, vurdere og følgje opp pasientar med avanserte medisinske og tekniske behandlingsbehov.
- Gi postoperativ sjukepleie og bidra til trygg og god oppfølging etter operasjon.
- Samarbeide tett i tverrfaglege team for å sikre best mogleg behandling i pasientforløp.
- Bidra til fagleg utvikling og lære meir om intensivfaget i eit miljø med høg kompetanse.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Interesse og eller erfaring med medisinsk teknisk utstyr
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Likar ansvar og arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- Trivst med ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag
- Held hovudet kaldt og tek gode vurderingar når det er travelt
- Er fleksibel og open for nye utfordringar
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid
- Vurderer vidareutdanning innan intensivsjukepleie
✨ Kvifor skal du velje oss?
- Bli ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og fagleg støtte står sterkt.
- Arbeid saman med fagleg dyktige og omtenksame kollegaer som deler kunnskap og heiar på kvarandre.
- Gode moglegheiter for opplæring og fagleg utvikling, enten du ønskjer meir erfaring innan intensivfaget eller vurderer vidareutdanning.
- Høg fagleg kompetanse og spennande arbeidsoppgåver i ei moderne intensiv- og postoperativ avdeling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein unik kombinasjon av karriere og livskvalitet, med nærleik til både fjord, fjell og eit rikt fritidstilbod.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Østensjø, Funksjonsleiar, +47 52732670Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5178887990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 18.01.2027
Søknadsfrist: 02.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 2. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb