Undervisningsstilling - vikariat
Sunnylven skule, Stranda kommune
- 6218 Hellesylt (Stranda), Møre og Romsdal
Kontakt for spørsmål
- Torje BjørnesethEiningsleiar
Sunnylven skule ligg på tettstaden Hellesylt i Stranda kommune. Skulen er ein 1. – 10. skule med SFO ordning og har dette skuleåret 52 elevar og omlag 8 årsverk knytt til undervisning. Skulen er rehabilitert og vi tok den i bruk igjen januar 2022.
For perioden frå 1.11.26 til 31.07.26 har vi ledig undervisningsstilling i inntil 80%.
40% av stillinga er fast og 40% av stillinga er eit vikariat gjeldande ut 31.07.2026
Vi søker fortrinnsvis søkjarar som kan undervise i i 3. og 4 . klasse og kan undervise i fag som norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag, Krle, kunst & handtverk. Kontaktlærarfunksjon må påreknast.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på Søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.]f. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 månadar).
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningskompetanse
- Søkjar bør kunne nytte nynorsk og digitale verktøy
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og ansvarleg
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner i forhold til både elevar og føresette
- Evne til å bidra til eit godt samarbeidsmiljø,
- Kunnskap om og praktisk erfaring med god klasseleiing
- Erfaring med vurdering, formell og uformell
- Vere open for tilbakemelding og rettleiing
- Relasjonsbygging mot elevane er heilt essensielt, og det blir lagt vekt på at den som blir tilsett har bakgrunn og personlege eigenskapar som kan understøtte det
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Ivrige og trivelege elevar
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
- Nyrenovert skulebygg
Kontaktinformasjon
Torje Bjørneseth, Einingsleiar, +47 92608701Arbeidsstad
6218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5178483374
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 02.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 2. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb