Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
FAV - Avd. Førde, Vestland fylkeskommune
- 6800 Førde (Sunnfjord), Vestland
Kontakt for spørsmål
- Eilert Årsethass. rektor
Fagskulen Vestland søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU). Vi ser etter deg som trivst med koordinering, planlegging og administrativ oppfølging, og som ønskjer å bidra til at studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar opplever høg kvalitet gjennom heile studieløpet.
Som studiekoordinator vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av EVU-tilboda våre. Du vil arbeide tett saman med EVU-teamet, fagmiljø og samarbeidspartnarar, og vere eit viktig kontaktpunkt for studentane. Arbeidskvardagen er variert og krev god struktur, høg gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.
Du blir ein del av eit engasjert og utviklingsorientert miljø som arbeider for å møte kompetansebehova i arbeidslivet gjennom fleksible og relevante utdanningstilbod. EVU-avdelinga er plassert i Førde, men utviklar og leverer studietilbod i heile Vestland fylke, på tvers av alle studiestadane i Fagskulen Vestland.
Om Fagskulen Vestland
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Arbeidsoppgåver
- koordinere planlegging, gjennomføring og oppfølging av EVU-tilbod
- administrere opptak, studentoppfølging, undervisning, eksamen og avslutning av studium
- produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar
- rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system
- vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet
- arbeide i system som Visma InSchool, Wiseflow, Elements og Microsoft 365
- rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk
- handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt
- bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda
- delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar
- utføre andre relevante oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning (fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning)
- relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
- erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid
- erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel
- god digital kompetanse
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- er serviceinnstilt, imøtekomande og oppteken av å skape gode opplevingar for studentar og samarbeidspartnarar
- arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk
- har god evne til å planleggje, koordinere og følgje opp oppgåver
- trivst med fleire parallelle arbeidsoppgåver og høgt aktivitetsnivå i periodar
- tek ansvar, arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar
- samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til gode rutinar og kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- stillinga er eit engasjement med moglegheit til forlenging
Kontaktinformasjon
Eilert Årseth, ass. rektor , 47059233Arbeidsstad
Øyrane 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5181643771
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 5. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb