Gå til innhold
← Alle stillinger

Sjukepleiarstillingar ved Såta bu- og servicesenter

Alver kommune

Arbeidsgiver: Alver kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Kvassnesvegen 16, 5914 Isdalstø (Alver), Vestland
Søknadsfrist: 12. oktober 2026
Publisert: 17. september 2026
Synlig til: 12. oktober 2026
Antall stillinger: 3
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter 

Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg!  Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling.  Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus.

Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.

Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.


Om Såta bu- og servicesenter

I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. 

Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
  • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
  • Utføring og oppfølging av til dømes:
    • legemiddelhandsaming
    • ADL
    • sårstell
    • ernæring og væskebehandling
    • lindrande behandling
  • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
  • Veileding av kollegaer og studentar
  • Samarbeid med pårøyrande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar 

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Kven er du?

Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig. 


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling 
  • Årsturnus
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Slik søker du

Søknadsfrist: 12. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen