Sjukepleiar, vikariat i heimebasert omsorg
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
- 6050 Valderøya (Giske), Møre og Romsdal
Kontakt for spørsmål
- Lindis Honningsvågavdelingsleiar
- Iren Hovlidavdelingsleiar heimebasert omsorg
- Janita Engeset Ellingsetereiningsleiar
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, heimebasert omsorg. Stillinga er ledig frå snarast til 31.08.2027.
Stillinga inngår i to delt turnus med langvakter kvar 4. helg.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Lista over arbeidsoppgåver er ikkje uttømande og det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314
Lindis Honningsvåg, avdelingsleiar, 91875724
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5182836071
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.10.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 05.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 5. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb