Gå til innhold
← Alle stillinger

Sjukepleiar

Helse og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader

Arbeidsgiver: Helse og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Holsekerdalen 20, 6065 Ulsteinvik (Ulstein), Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 12. oktober 2026
Publisert: 28. september 2026
Synlig til: 12. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Vikariat
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Ledig vikariat som sjukepleiar frå dags dato til 20.08.2028. Stillinga er organisert under heimebasert omsorg, eining 2 og har base i Holsekerdalen 20. Avdelinga har ansvar for ca 50 omsorgsbustader for menneske med ulike helseutfordringar knytt til både alder og funksjon.

Stillinga er i to-delt turnus med ein kombinasjon av langvakter på 12,5 time og ordinære vakter. Arbeid kvar tredje helg.


Arbeidsoppgåver

Sikre eit godt tenestetilbod med individuell tilrettelegging og hjelp til sjølvhjelp

Bidra til at brukarane skal kunne bu lengst muleg eller heile livet i omsorgsbustad

Hjelp til personleg stell og pleie, ernæring, og bistand til daglege gjeremål

Observere, vurdere og iverksette nødvendige tiltak, og ta ansvar for sjukepleieoppgåver til den enkelte brukar og dokumentere etter gjeldande regelverk

Samarbeide med pårørande, verge, interne og eksterne instansar og fagområde.

Delta i utvikling av eigen arbeidsplass og  i rettleiing og opplæring av medarbeidarar

Kjenne til og etterleve rutiner i gjeldande kvalitetssystem

Kvalifikasjonar

Autorisert sjukepleiar

Ved tilbod om stilling må tilfredstillande politiattest kunne leggast fram. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • likar ein variert arbeidskvardag med mange ulike arbeidsoppgåver
  • er god til å fokusere på ressursar og moglegheiter framfor avgrensingar og barrierer
  • er opptatt av å gjere ditt beste i høve til personen- bidra til livskvaliet og meistring
  • er trygg og fleksiel med tydeleg kommunikasjon
  • kan norsk, både munnleg og skriftleg
  • kan arbeide like godt sjølvstendig som i team
  • er ein lagspelar samtidig som du kan ta ansvar og eigne vurderingar
  • er løysingsorientert
  • er fleksibel og villig til å jobbe i andre avdelingar ved behov

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • turnus med arbeid 3.kvar helg, 100% stilling
  • alternative turnusordningar eventuelt med langvakter
  • ein variert og utfordrande jobb med spanande arbeidsoppgåver
  • gode pensjons- og fosikringsvilkår
  • regulerte løns- og avtalevilkår
  • E-læringsportalen Glup og Veilederen.no
  • aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
  • eit godt fagleg miljø med mange dyktige kollegaer

Kontaktinformasjon

Marlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612

Arbeidsstad

Holsekerdalen 20
6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetaten

Referansenr.: 5187066665
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 20.08.2028
Søknadsfrist: 12.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 12. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen