Salgs- og marknadsansvarleg - Infrastruktur
Leirvik AS
- Storhaugvegen 130, 5416 Stord, Vestland
Kontakt for spørsmål
- Stine Halleraker WesterheimSenior HR-rådgivar
- Geir MosakerVP Infrastructure
Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer.
Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innan brukonstruksjonar og anna infrastruktur i aluminium.
Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat.
Arbeidsoppgåver
- Kundekontakt og oppfølging av eksisterande og nye kundar
- Identifisere prosjekt/produkt/leveransemodellar, og delta i utviklinga av desse
- Marknadsføre Leirvik AS som leverandør av aluminiumskonstruksjonar
- Bidra i strategiarbeid og utvikling av Leirvik AS si satsing innan infrastruktur
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant erfaring frå entreprenør- eller prosjekteringsselskap
- God kjennskap til produkt, marknad og gjennomføring av prosjekt
- God teknisk og praktisk forståing
- Utdanning frå høgskule/universitet (erfaring kan kompensera for manglande utdanning)
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Positiv, proaktiv og ein sterk relasjonsbyggjar
- God kommunikator og lagspelar
- Kommersiell og strategisk tilnærming
- Interesse for utviklingsarbeid og for å finna nye moglegheiter
Vi tilbyr
- Utviklande og spanande arbeidsoppgåver
- Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø
- Gode velferds- og pensjonsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Kontaktinformasjon
Geir Mosaker, VP Infrastructure, +47 40041685Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910
Arbeidssted
Storhaugvegen 1305416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Leirvik ASReferansenr.: 5184328864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 31. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb