Gå til innhold
← Alle stillinger

Reinhaldar, fast 100% stilling

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF

Arbeidsgiver: Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5021 Bergen, Vestland
Søknadsfrist: 8. oktober 2026
Publisert: 24. september 2026
Synlig til: 8. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Salg og service

Kontakt for spørsmål

Hospitaldrift Reinhald har ledig ein 100% fast stilling som reinhaldar/assistent frå 01.11.2026.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815  medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald i sjukehuset og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeidstid er: turnus- dag/kveld, kvar 3.helg
  • Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team
  • Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gintare Hidalgo, Seksjonsleiar, 48614211

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5185635355
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 8. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen