Gå til innhold
← Alle stillinger

Prosjektingeniør

Åseral kommune

Arbeidsgiver: Åseral kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 4540 Åseral, Agder
Søknadsfrist: 2. oktober 2026
Publisert: 8. september 2026
Synlig til: 2. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Bygg og anlegg

Kontakt for spørsmål

Vil du vere med å forme framtida i kommunen vår?

Vi søkjer ein engasjert og kompetent prosjektingeniør til ei sentral og viktig stilling i kommunen.
Som prosjektingeniør får du ansvar for å planleggje, koordinere og gjennomføre prosjekt som bidreg til utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane

Arbeidsoppgåver

Om stillinga
Prosjektingeniøren har ei nøkkelrolle i gjennomføring av kommunen sine drifts-, investerings- og utviklingsprosjekt.
Stillinga omfattar ansvar for prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling innan mellom anna:

  • Bygg- og eigedomsprosjekt
  • VA-anlegg (vatn og avløp)
  • Infrastruktur- og vedlikehaldsprosjekt
  • Kommunale planar og utviklingsområde

    Du vil vere involvert i heile prosessen, frå prosjektering og offentlege anskaffingar til gjennomføring, oppfølging og evaluering av prosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere investerings- og vedlikehaldsprosjekt
  • Utarbeide og følgje opp prosjektplanar, framdriftsplanar og budsjett
  • Gjennomføre offentlege anskaffingar og anbodskonkurransar
  • Evaluere tilbod og følgje opp kontraktar og leverandørar
  • Følgje opp entreprenørar, konsulentar og samarbeidspartnarar
  • Bidra i arbeid med kommunale planar og utviklingsprosjekt
  • Sikre god rapportering til administrativ og politisk leiing
  • Bidra til god økonomistyring og prosjektkontroll
  • Vere ein aktiv bidragsytar i eininga og ta del i tverrfaglege oppgåver og arbeidsprosessar ut over eigne prosjektområde.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du har:

  • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg, VA, prosjektleiing eller tilsvarande
  • Erfaring frå prosjektarbeid og prosjektleiing
  • Kunnskap om offentlege anskaffingar og gjeldande regelverk
  • God økonomiforståing og erfaring med budsjettoppfølging
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskaper

Vi ser etter deg som:

  • Arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Tek ansvar og får ting gjennomført
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er løysingsorientert og initiativrik
  • Kommuniserer godt med ulike fagmiljø og interessentar


Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei variert og spennande stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen
  • Faglege utfordringar og moglegheit for vidareutvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Løn etter avtale og gode pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid etter gjeldande ordningar

  • Vi kan hjelpe til å finne bustad
  • Gratis SFO
  • Barnehageplass

Kontaktinformasjon

Dag Ingvar Sandåker, Einingsleiar drift og vedlikehald, +47 90690845, Dag.Ingvar.Sandaker@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5177713808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 2. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen