Gå til innhold
← Alle stillinger

Overlege onkologi

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF

Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Åsehaugen 15, 6017 Ålesund, Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 14. oktober 2026
Publisert: 30. september 2026
Synlig til: 14. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Vil du vere med å utvikle kreftbehandlinga i ei moderne og fagleg sterk eining, som i tillegg har eit godt arbeidsmiljø?

Ved Kreftavdelinga på Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling for spesialist i onkologi frå 4. januar 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk onkolog som ønskjer å bidra til vidare utvikling av eit godt pasienttilbod, i tett samarbeid med kollegaer på tvers av fagområde. 

Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;

  • Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining i Ålesund
  • Palliative team, poliklinikkar og Pusterom Ålesund/SNR/Volda
  • Vardesenter i Ålesund med satelittar på dei andre sjukehusa

Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar og teknikkar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.

Seksjonen gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.


Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjonar
  • Sengepostarbeid
  • Vurdering av tilvisingar
  • Deltaking på MDT-møter
  • Vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
  • Supervisjon og rettleiing av LIS
  • Deltaking i kliniske studier

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning innan onkologi, eller lege som er nær ferdig spesialistutdanna og som har relevant erfaring
  • Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Trivast i eit aktivt og framoverlent miljø
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Er ansvarsbevisst
  • Gjerne deler kunnskap med andre

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, synnove.haram.rotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 15
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5161204056
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 14. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen