Gå til innhold
← Alle stillinger

ORIGOD AS SØKJER ETTER JOBBVEILEDER I 100 % VIKARSTILLING!

Origod As Avd Førde

Arbeidsgiver: Origod As Avd Førde
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 6802 Førde (Sunnfjord), Vestland
  • Kinn, Vestland
Søknadsfrist: 13. oktober 2026
Publisert: 22. september 2026
Synlig til: 13. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Vikariat
Omfang: Heltid
Yrke: Kontor og økonomi

Kontakt for spørsmål

Vi søkjer ein engasjert og relasjonssterk jobbrettleiar i 1 års vikariat f.o.m 01.11.26, til vårt AFT-tiltak i Førde/ Florø. Vi ønskjer primært ein kandidat med lærarutdanning, som vil vere med å bidra til at menneske kjem nærare arbeid eller utdanning.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend lærarutdanning (primært ønskjeleg)

  • Erfaring med rettleiing, undervisning og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar

  • Kompetanse i rettleiingsmetodikk

  • God relasjonskompetanse og evne til å skape tillit

  • Kjennskap til arbeidsmarknaden, lokalt og regionalt

  • Erfaring med arbeidsinkludering eller oppfølging av personar med samansette utfordringar

  • Kompetanse innan karriere- og yrkesrettleiing

  • Evne til å tilpasse opplæring og arbeidssituasjonar til ulike behov

  • Gjerne erfaring med kartlegging og opplæring i grunnleggande ferdigheiter

  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og sjølvstendig

  • Trygg og stødig i møte med stressande situasjonar, med evne til å prioritere og finne gode løysingar

  • Gode dialog og samarbeidsevner, og evne til å jobbe tverrfagleg

  • Fleksibel og løysingsorientert

  • Engasjert i å sjå moglegheiter hos den enkelte

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Du liker å jobbe sjølvstendig og i team

  • Du har stor arbeidskapasitet og er fleksibel, positiv

  • god på å bygge relasjonar

  • Du må trivast med å jobbe mot resultat.

Arbeidsoppgaver

Som jobbrettleiar vil du spele ei sentral rolle i å kartleggje ressursar, motivere deltakarar og leggje til rette for meistring og utvikling i tett samarbeid med arbeidslivet.

Du er strukturert, initiativrik og løysningsfokusert, og du har gode evner til å bygge relasjonar til andre menneske. Du liker å jobbe både sjølvstendig og saman med andre for å nå mål.

Arbeidsoppgåver:

  • Individuell oppfølging og rettleiing av deltakarar

  • Kartlegging av kompetanse, interesser og behov

  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar som styrkjer arbeidsevne

  • Samarbeid med arbeidsgjevarar og etablering av praksisplassar

  • Formidling til arbeid eller utdanning

  • Tverrfagleg samarbeid med NAV og andre samarbeidspartnarar

  • Dokumentasjon og rapportering i tråd med gjeldande k

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med faglege utfordringar der du utgjer ein forskjell

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Store moglegheiter til å påverke eigen arbeidskvardag

  • Gode kontorfasilitetar

  • God pensjonsordning og lønn etter avtale

Slik søker du

Søknadsfrist: 13. oktober 2026

Åpne originalannonsen