Lom kommune søkjar reinhaldar - 60% fast stilling
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Lom, Innlandet
Kontakt for spørsmål
- Terry MelandReinhaldsleiar
Vi søkjar reinhaldar - 60% fast stilling
Vil du bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnader i Lom kommune? Søknadsfrist: 07.10.2026
Reinhald er ein viktig del av tenestene i kommunen og har mykje å seie for helse, trivsel og eit godt inneklima. Vi søkjer deg som er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert, og som ønskjer å bidra til gode omgjevnader for alle som bruker bygga våre.
Vi har ledig ei fast 60 % stilling som reinhaldar. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom og får ein variert arbeidskvardag i dei kommunale bygga.
Arbeidsoppgåver
Du vil utføre reinhald i mellom anna skular, barnehagar og andre kommunale lokale. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
-
dagleg og periodisk reinhald og hovudreinhald etter gjeldande rutinar og kvalitetskrav
-
bruk og vedlikehald av reinhaldsutstyr og -materiell
-
bidra til eit godt inneklima og eit triveleg miljø for brukarar og tilsette
Vi ser etter deg som
-
arbeider sjølvstendig og strukturert
-
er fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg
-
samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
-
møter kollegaer og brukarar på ein inkluderande og profesjonell måte
-
er oppteken av kvalitet i arbeidet
Kvalifikasjonar
-
Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
-
Du har grunnleggjande digital kompetanse og kan bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
-
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
-
Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Det er krav om godkjend politiattest.
Vi tilbyr
-
ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
-
eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
-
lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Slik søker du
Søknadsfrist: 7. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb