Gå til innhold
← Alle stillinger

Leiar – Kommunal plan og rettleiing

NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune

Arbeidsgiver: NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5008 Bergen, Vestland
Søknadsfrist: 11. oktober 2026
Publisert: 17. september 2026
Synlig til: 11. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Bygg og anlegg, Kontor og økonomi

Kontakt for spørsmål

I avdeling for næring, plan og innovasjon ved seksjon for plan, klima og analyse (PKA) er vi i ferd med å etablere ei ny organisering. Vi lyser difor no ut stilling som leiar for Kommunal plan og rettleiing. Som leiar får du personalansvar for tilsette i gruppa, og du vil vere sentral for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Seksjonen har eit breitt ansvarsområde mellom anna for  å utarbeide og følge opp regionale planar, intern klimaleiing, analyse, stadutvikling, rettleiie og bistå kommunane i deira planlegging og samordne fylkeskommunen sine fråsegn til kommunale planar. Seksjonen har to einingar. 

Oppgåvene til eininga kommunal plan og rettleiing vil mellom anna vere å:

  • rettleie og bistå kommunane i deira planlegging
  • samordne og koordinere fråsegn til kommunale planar
  • rettleie og følgje opp klimaarbeidet og stadutviklinga til kommunane

Stillinga er på leiarnivå 4 og rapporterer til seksjonsleiar.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • personalansvar for tilsette i gruppa, inkludert fagleg oppfølging og utvikling av medarbeidarane
  • koordinere det daglege arbeidet innan fagområdet
  • rådgje og rettleie medarbeidarar og sikre kvalitet og framdrift i arbeidet
  • vere ein drivkraft innanfor fagområdet og ta initiativ til utvikling og nye arbeidsmåtar
  • støtte seksjonsleiar i å utvikle fagområda til seksjonen
  • bistå seksjonsleiar med å avklare større og tverrfaglege problemstillingar
  • bistå i å sikre godt samarbeid på tvers i seksjonen og avdelinga

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga.
  • god kunnskap om ansvarsområda og oppgåvene som ligg til arbeidsgruppa
  • engasjement og evne til å utvikle fagområda vidare
  • erfaring med leiing eller koordinering 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Leiings- og personalkompetanse

I denne stillinga vil du ha personalansvar, og det er difor avgjerande at du har gode leiareienskapar.
Vi ser etter deg som:

  • skapar tillit – er tydeleg, lyttande og legg til rette for trygge rammer for medarbeidarane
  • er utviklingsorientert – har eit genuint engasjement for å hjelpe medarbeidarar med å vekse og utvikle seg
  • kommuniserer godt – gjev konstruktive tilbakemeldingar og involverer medarbeidarane i avgjerder
  • er tydeleg i rolla – forstår skilnaden mellom å vere fagperson og å vere leiar, og trivst med begge delar
  • følgjer opp – er nær nok til å sjå medarbeidarane, og har mot til å ta vanskelege samtalar når det trengst
  • delegerer og set forventningar – er ein støttespelar som legg til rette for at andre kan lukkast

Vi tilbyr

  • Ein nyskapande og fagleg sterk arbeidsplass i utvikling
  • Ei ny leiarrolle med personalansvar
  • Gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig lønn etter avtale
  • Leiarutviklingsprogram

Kontaktinformasjon

May-Britt Nesje Hernes, Seksjonsleiar, +47 41688169

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5133763253
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 11. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen