Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
AVD. FOR TVERRFAGLEG SPESIALISERT RUSBEHANDLING (TSB), Helse Møre og Romsdal HF
- 6018 Ålesund, Møre og Romsdal
Kontakt for spørsmål
- Siri-Mette Dragsund HoffSeksjonsleiar
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din?
Vi har ledig fast 100 % stilling for lege i spesialisering ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.12.2026.
Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell.
Vi søkjer no ein engasjert LIS som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal.
Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling.
Som LIS hos oss vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin, brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk, samt moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB.
Vi ønskjer oss ein lege som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
- Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
- Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
- Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Tett rettleiing frå erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste i eit inkluderande og kompetent tverrfagleg miljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleiar, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.noArbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5177129636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 4. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb