Gå til innhold
← Alle stillinger

Lærarstillingar - vikariat

Oppvekst, Gloppen kommune

Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 6823 Sandane (Gloppen), Vestland
Søknadsfrist: 15. oktober 2026
Publisert: 24. september 2026
Synlig til: 15. oktober 2026
Antall stillinger: 4
Ansettelsesform: Vikariat
Omfang: Heltid
Yrke: Utdanning

Kontakt for spørsmål

  • Per Arne Strand
    Kommunalsjef Oppvekst
  • Linn Kristin Øren
    Rektor Sandane skule
  • Ragnhild Bruvoll
    Rektor Gloppen ungdomsskule
  • Elisabeth Sunde Andenæs
    Rektor Nordstranda skule
  • Gro Larsen Hjelle
    Rektor Breim skule

Vi treng vikarar i skulane våre. Det gjeld både tilkallingsvikariat og lenger oppdrag. Vi treng deg som har pedagogisk kompetanse til å vere vikar i skulane våre. Om du har eit anna yrke no, som lar seg kombinere med lærarjobb framover, så ta kontakt og søk. Fast stilling kan verte vurdert. 


Dei konkrete behova no er:
Sandane skule - vikariat 100% stilling, inntil 3 månader frå slutten av november. Grunnskulelærarkompetanse er ynskjeleg. 

Gloppen ungdomsskule - vikariat inntil 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjelege fag er norsk, matematikk, kroppsøving, tysk, kunst og handverk og naturfag.  
Breim skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Fordel med erfaring frå 1.-4. klasse og kompetanse i lese- og skriveopplæring og engelsk
Nordstranda skule - vikariat 100% stilling frå 4. januar og ut skuleåret. Ynskjeleg med faga matematikk, kroppsøving og spes.ped. Kontaktlærar. 


Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og grunnskuleopplæring for vaksne. Skulane jobbar tett i lag med å skape Gloppenskulen med fokus på fagleg utvikling og eit godt og inkluderande skulemiljø. Kommunen nyttar samhandlingsmodellen Betre Tverrrfagleg insats (BTI) og  prioriterar inkluderande barnehage- og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk. 


Arbeidsoppgåver

  • undervisning i grunnskulen
  • aktuelt med kontaktlærar for nokre av stillingane

    Kvalifikasjonar

    • pedagogisk kompetanse, men andre kan bli vurderte
    • gjerne undervisningserfaring
    • spesialpedagogisk kompetanse
    • kompetanse eller erfaring innan miljøarbeid
    • god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål

    Personlege eigenskapar

    • gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematisk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.

    Vi tilbyr

    • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
    • Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
    • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

    Det må foreligge tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 90619713
    Elisabeth Sunde Andenæs, Rektor Nordstranda skule, 95869279
    Ragnhild Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 41803716
    Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 91331262
    Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5184545347
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Søknadsfrist: 15.10.2026

    Slik søker du

    Søknadsfrist: 15. oktober 2026

    SøkÅpne originalannonsen