Kunstbygda Balestrand as søkjer etter dagleg leiar
Kunstbygda Balestrand As
- 6899 Balestrand (Sogndal), Vestland
Kontakt for spørsmål
- Silje Forbesprosjektleiar
Vil du vere med å utvikle eit sterkt kunstfelt og eit rikt kulturliv i bygdene våre? Kunstbygda Balestrand as er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn.
Hva vi ser etter
-
Har lyst og motivasjon til å jobbe med kunst og kultur som ein viktig utviklingsfaktor i lokalsamfunna i Sogn
-
Er sjølvstendig, men og god til å spele på lag med andre tilsette og samarbeidsaktørar
-
Har kjennskap til, og erfaring innan kunst- og kulturfeltet, eller anna relevant kompetanse
Arbeidsoppgaver
-
Gjennomføre oppdrag og prosjekt selskapet har ansvar for
-
Samarbeid og nettverk med andre aktørar i regionen
-
Kontakt med styreleiar og styret, saksførebuing og oppfølging av styret sine vedtak
-
Administrative oppgåvene knytt til selskapet
-
Styrke finansiering av drift og prosjekt
-
Samarbeide med kommunar og bidra inn i ulike kommunale utval og prosessar
Vi tilbyr
I rolla som dagleg leiar vil du få ansvar for å gjennomføre dei oppdraga og prosjekt som selskapet til ei kvar tid har teke på seg. Du vil ha ansvar for å utvikle selskapet vidare i samarbeid med prosjektleiar og styret. Dette gjeld både i høve å utvikle nye prosjekt, og styrke det økonomiske grunnlaget til selskapet.
Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast.
Stillinga er i dag 60 %. I samband med tilsettinga og i dialog med søkjarar vert det vurdert å auke stillingsprosenten.
Fleksibel arbeidstid. Løn etter avtale.
Slik søker du
Søknadsfrist: 11. oktober 2026
Åpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb