Klokkar i Lomen, Røn og Øyar
Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd
Arbeidsgiver: Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
- 2966 Slidre (Vestre Slidre), Innlandet
Søknadsfrist: 4. oktober 2026
Publisert: 28. august 2026
Synlig til: 4. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Annet
Omfang: Deltid
Yrke: Håndverkere
Kontakt for spørsmål
- Silje Synnøve StrandKyrkjeverje
Ledig stilling som Klokkar i Lomen, Røn og Øyar
Ledig frå 1. desember 2026 Vil du vere med og skape gode og verdige gudstenester og kyrkjelege handlingar i Vestre Slidre?
Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og påliteleg klokkar til Lomen, Røn og Øyar kyrkjer. Stillinga omfattar 5% i Lomen kyrkje og 7% i Røn og Øyar kyrkje/kapell, til saman 12%. Det er mogleg å dele opp stillinga dersom det er aktuelt.
Som klokkar er du ein viktig del av kyrkja sitt gudstenesteliv. Du bidreg til at gudstenester blir gjennomførte på ein god, trygg og verdig måte. Vi ser etter ein person som trivst med å møte menneske, tek ansvar og ønskjer å vere med på å skape gode opplevingar i kyrkjerommet.
Arbeidsoppgåver
Klokkaren assisterer ved gudstenester og kyrkjelege handlingar i samsvar med Den norske kyrkja si gudstenesteordning.
Oppgåvene omfattar mellom anna:
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
Vi tilbyr
Næraste overordna er kyrkjeverja. Ved gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar er forrettande prest arbeidsleiar.
Søknadsfrist: 4.10.26
For spørsmål om stillinga, kontakt kyrkjeverje Silje Synnøve Strand på telefon: 48122137 eller e-post: post.vestreslidre@kyrkja.no
Søknad med CV sendast til: post.vestreslidre@kyrkja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.

- medverknad som medliturg når ikkje anna er avtalt
- informasjon om gudstenesta
- lesing av tekstar og bøner
- medhjelpar ved nattverdutdeling
- kunngjeringar
- førebuing av kyrkjerommet før gudstenester og kyrkjelege handlingar
- setje opp salmenummer
- orientere kyrkjevertar
- sjå til, saman med kyrkjetenar, at lydanlegg og mikrofonar fungerer
- ta imot dåpsfølgje
- organisere og samle inn takkoffer
- rapportering til kyrkjekontoret
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer ein medarbeidar som:
- Har interesse for kyrkja sitt arbeid og gudstenesteliv
- Er positiv, ansvarsmedviten og påliteleg
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Samarbeider godt med tilsette og frivillige
- Møter menneske med respekt, varme og omsorg
Vi tilbyr
- Eit meiningsfullt arbeid i lokalsamfunnet
- Varierte arbeidsoppgåver og møte med menneske i ulike livssituasjonar
- Samarbeid med engasjerte tilsette og frivillige
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Næraste overordna er kyrkjeverja. Ved gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar er forrettande prest arbeidsleiar.
Søknadsfrist: 4.10.26
For spørsmål om stillinga, kontakt kyrkjeverje Silje Synnøve Strand på telefon: 48122137 eller e-post: post.vestreslidre@kyrkja.no
Søknad med CV sendast til: post.vestreslidre@kyrkja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Slik søker du
Søknadsfrist: 4. oktober 2026
Søk på e-postÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb