ID 2485 Jordmor vikariat - Førebyggjande tenester
Stord kommune
- Stord, Vestland
Kontakt for spørsmål
- Jorunn HystadLeiande helsesjukepleiar
Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern og helsestasjon for ungdom.
Me søkjer etter Jordmor i eit 60% vikariat i perioden 01.12.26- 30.11.27
Me søkjer etter ein engasjert fagperson som vil vera med på å gi gode tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar.
Me treng at du har:
-
Godkjent jordmorutdanning og gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta.
-
Høg arbeidskapasitet
-
Gode samarbeidsevner
-
Bidreg inn i det tverrfaglege fellesskapet i helsestasjonen og i resten av avdelinga
-
Stort engasjement for kvinnehelse og svangerskapsomsorga
Vidare ynskjer me at du:
-
Er engasjert og personleg eigna
-
Systematisk, strukturert og sjølvstendig
-
Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i tenesta
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Påliteleg, men og fleksibel
-
Har førarkort kl. B
Me kan tilby:
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Høgt faglig nivå
-
Etablert tverrfagleg samarbeid
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillingane kan rettast til leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad 94794288
Slik søker du
Søknadsfrist: 25. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb