Helsefagarbeider på avdeling Juvike
Øystre Slidre kommune
- 2940 Heggenes (Øystre Slidre), Innlandet
Kontakt for spørsmål
- Anne BråthenAvdelingsleiar
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike?
Avdeling Juvike er organisert under institusjonstenester på Øystre Slidre helsetun og er ei avdeling for personar med demens. Institusjonstenestene består av 2 langtidsavdelingar, institusjonskjøken samt natt. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med andre avdelingar. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde.
Vi har eit vikariat som helsefagarbeider i 80% som er ledig frå no og eit vikariat i 90% som vil bli ledig frå haust 2026. Oppstart i stillingane kan avtalast nærare. Begge vikariata varer i ca 1 år.
Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og miljøarbeid
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeider
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan demensomsorg eller med erfaring frå arbeid innan fagfeltet
- Gode norskkunnskapar
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknologi
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Tilrettelegging for vidareutdanning dersom rette søker melder seg i ansettelsesprosessen. Utdannning kan kombinerast med jobb
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5171054922
Stillingsprosent: 80, 90%
Vikar
Søknadsfrist: 11.10.2026
Slik søker du
Søknadsfrist: 11. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb