Helsefagarbeidar søkjast til Gulen kommune - bonus på kr 50 000
Gulen kommune
Arbeidsgiver: Gulen kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
- 5966 Eivindvik (Gulen), Vestland
Søknadsfrist: 6. oktober 2026
Publisert: 15. september 2026
Synlig til: 6. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Helse og sosial
Kontakt for spørsmål
- Nina HavelandEiningsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Om stillinga
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Gulen kommune har ledig 100% stilling som helsefagarbeidar, for tida ved sone Eivindvik – Gulen sjukeheim. Oppstart snarast eller etter nærare avtale.
Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, med høve til å bruke fagkompetansen din tett på bebuarar, pasientar og kollegaer. Hjå oss vert du ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø med viktige oppgåver innan pleie og omsorg.
Vi har følgjande stilling ledig:
- Helsefagarbeidar, 100% fast stilling. Turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter), eller kvar 3. helg (ordinære vakter)
Me tilbyr
- Bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i denne stillinga. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
- For tida løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus og ekstra helgekompensasjon ved gjennomført vakt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling.
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest ved tilsetjing
- Nagativ MRSA/TBC før oppstart i stilling
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Slik søker du
Søknadsfrist: 6. oktober 2026
SøkÅpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb