Gå til innhold
← Alle stillinger

Helsefagarbeidar - natt

Sveio kommune

Arbeidsgiver: Sveio kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5550 Sveio, Vestland
Søknadsfrist: 15. oktober 2026
Publisert: 25. september 2026
Synlig til: 15. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Deltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Om stillinga

Eining for habilitering, avdeling Stemhaugen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming og samansette behov.

Vi søkjer no etter ein helsefagarbeidar i 65,7 % fast nattstilling frå 01.01.2027.

Hos oss vil du jobbe tett i team med gode kollegaer. Er du utadvend, sosial og fungerer godt i eit lite team, kan dette vere stillinga for deg. Stillinga har sju nattevakter à 10 timar per tre vekers turnus, med arbeid kvar tredje helg.


Arbeidsoppgåver

  • stillinga er knytt til tenester for personar med varierande grad av hjelpebehov
  • tilsyn og hjelp etter individuelle behov
  • miljøarbeid i tråd med tiltaksplanar
  • bistand og rettleiing i situasjonar brukaren opplever som vanskelege
  • bidra til at behova til brukaren på natt blir følgde opp på ein fagleg forsvarleg måte

Kvalifikasjonar

  • fagbrev som helsefagarbeidar
  • du snakkar, les og skriv norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig
  • det er krav om godkjend politiattest 

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig og ta trygge avgjerder i enkeltsituasjonar
  • lojal, punktleg og pliktoppfyllande
  • fokus på kvalitet i tenesta
  • fleksibel og løysingsorientert i travle periodar

Vi tilbyr

  • ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakaren
  • interessante faglege utfordringar og høve til fagleg og personleg utvikling
  • løn i samsvar med gjeldande avtalar
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP – det blir trekt 2 % av løna til pensjon

Slik søker du

Søknadsfrist: 15. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen