Gå til innhold
← Alle stillinger

Helsefagarbeidar, 56% fast stilling

Gulen kommune

Arbeidsgiver: Gulen kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5970 Byrknesøy (Gulen), Vestland
Søknadsfrist: 9. oktober 2026
Publisert: 18. september 2026
Synlig til: 9. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Deltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig 56% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes, med ein kombinasjon av kort- og langvakter i vekedagane. Det er langvakter kvar 4. helg.  Me søkjer helsefagarbeidar, men søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar . 

Me tilbyr: 

  • Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
  • Ekstra helgekompensasjon ved gjenomført vakt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane. 


Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling. 
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest ved tilsetjing
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Slik søker du

Søknadsfrist: 9. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen