Gå til innhold
← Alle stillinger

Helgestilling i Heimetenesta

Osterøy kommune

Arbeidsgiver: Osterøy kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5282 Lonevåg (Osterøy), Vestland
Søknadsfrist: 12. oktober 2026
Publisert: 22. september 2026
Synlig til: 12. oktober 2026
Antall stillinger: 2
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Deltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Om stillinga

Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå november 2026. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.


Arbeidsoppgåver

  • Omsorg til menneske i deira eigen heim 
  • Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi) 
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler. 
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand 
  • Samarbeid med pårørande 
  • Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar 

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer 
  • Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar og studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg. Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen. 
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Krav om førarkort klasse B
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. 

Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing. 


Anna informasjon

Intervju for stillingane vil bli gjennomførte tirsdag 20. oktober, og ein må ha moglegheit til å møte då.


Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Slik søker du

Søknadsfrist: 12. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen