Gå til innhold
← Alle stillinger

Er du vår nye teknikar?

Seashore Land AS

Arbeidsgiver: Seashore Land AS
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5574 Skjold (Vindafjord), Rogaland
Søknadsfrist: 11. oktober 2026
Publisert: 25. september 2026
Synlig til: 11. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Håndverkere

Kontakt for spørsmål

Hos oss er teknikarane avgjerande for at produksjonen går som planlagt, og for at fisken får dei beste føresetnadene for god helse og vekst. No søkjer vi ein praktisk og fagleg sterk teknikar som ønskjer å bidra til drift, vedlikehald og vidareutvikling av vårt  settefiskanlegg på Trovåg.

Som teknikar vil du få ei sentral rolle i den daglege drifta av anlegget, der du arbeider med tekniske installasjonar, førebyggjande vedlikehald og feilsøking. Du blir ein del av eit kompetent arbeidsmiljø med høgt fokus på kvalitet, HMS, fiskevelferd og kontinuerleg forbetring.

Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du få ei variert og praktisk rolle med ansvar for:

  • Drift og vedlikehald av anlegg
  • Feilsøking og handtering av tekniske problem
  • Deltaking i planlagde prosjekt
  • Aktiv deltaking i den daglege drifta
  • Rapportering og systematisk journalføring

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Teknisk fagbrev (t.d. automasjon, elektro, mekanisk eller liknande)
  • Relevant arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid
  • Sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Kven er du?

For å trivast i rolla trur vi at du:

  • Er arbeidsam, strukturert og sjølvgåande
  • Evnar å prioritere godt – både i hektiske og rolege periodar
  • Er engasjert, løysingsorientert og har ei positiv innstilling
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og spelar andre gode

Kvifor velje oss?

Hos oss får du:

  • Ei spanande rolle i ein bransje i sterk utvikling
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Slik søker du

Søknadsfrist: 11. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen