Gå til innhold
← Alle stillinger

Dekkssjef Aukra-Hollingsholmen

Fjord1 - Maritim Drift

Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 6409 Molde (Aukra), Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 5. oktober 2026
Publisert: 18. september 2026
Synlig til: 5. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Transport og lager

Kontakt for spørsmål

Ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann på vår moderne el-ferge MF Norangsfjord.

Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press.

MF Norangsfjord er eit stabilt og veldrevet fartøy, med engasjert mannskap som er opptatt av gode resultater. Det er eit samband med høg ruteproduksjon og mange timar i skiftplan, som gjenspeilast i lønn. 

Skiftordninga er 2 veker på, 2 veker av. Ei veke dagvakter og ei veke nattevakter. 

Søker bør bu lokalt.


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgåver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5182700563
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 5. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen