Gå til innhold
← Alle stillinger

Beredskapsmedarbeidar

IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune

Arbeidsgiver: IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 6863 Leikanger (Sogndal), Vestland
Søknadsfrist: 11. oktober 2026
Publisert: 18. september 2026
Synlig til: 11. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Kontor og økonomi

Kontakt for spørsmål

Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til beredskapsarbeidet vårt. Stillinga har særleg merksemd på beredskapsøvingar for tilsette innan vidaregåande opplæring og tannhelse i heile Vestland fylke. Øvingsaktiviteten er i stor grad diskusjonsøvingar, og ofte for store grupper. Du vil bidra i det overordna beredskapsarbeidet, og vere del av eit fagmiljø som arbeider med svært mange ulike tema og oppgåver innanfor sikkerheit og beredskap. Vi jobbar på tvers av fagområde, og samarbeider med ulike aktørar eksternt. Vi støtter og rettleier avdelingane, bidreg til å samordne planverk og handtering av uønskte hendingar. Hos oss får du moglegheit for personleg vekst og fagleg utvikling, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle tenester og leveransar på fagområdet. Stillinga medfører noko reiseverksemd. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar for tilsette innan vidaregåande opplæring og tannhelse 
  • Bidra i opplærings- og øvingsaktivitet etter behov innan fagområdet
  • Bidra i overordna beredskapsplanlegging, som til dømes overordna risiko- og sårbarheitsanalyse og overordna beredskapsplan for fylkeskommunen
  • Støtte og rettleie avdelingar med deira beredskapsarbeid og kontinuitetsplanlegging
  • Bidra i handtering av uønskte hendingar
  • Bidra i tverrfagleg arbeid både internt og eksternt
  • Bidra til vidareutvikling av tenester og leveransar på fagområdet
  • Andre oppgåver innan fagområdet må påreknast 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan beredskap, sikkerheit, pedagogiske eller administrative fag
  • Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Høg integritet og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig

    Det er ein fordel om du har:
  • Erfaring frå opplærings- og øvingsaktivitet
  • Kunnskap om personleg sikkerheit og handtering av truslag og vald
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Kjennskap til sikkerheitslova

    Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje. 

    Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG.

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er komfortabel med å snakke foran større forsamlingar
  • Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert
  • Tek ansvar utover eige arbeidsområde
  • Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samtidig

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Stillingsnemning konsulent / spesialkonsulent / rådgjevar / seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

    Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.

Kontaktinformasjon

Anne Cathrine Fasmer Eide, seniorrådgjevar, +47 91889890
Svein Helge Steinsaker, seksjonsleiar, +47 90895078

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5177717659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 11. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen