Gå til innhold
← Alle stillinger

Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i barnehage

Vognstølen barnehage, Helse Bergen HF

Arbeidsgiver: Vognstølen barnehage, Helse Bergen HF
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • 5096 Bergen, Vestland
Søknadsfrist: 10. oktober 2026
Publisert: 17. september 2026
Synlig til: 10. oktober 2026
Antall stillinger: 1
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Heltid
Yrke: Utdanning

Kontakt for spørsmål

Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar i Helse Bergen har plass til over 70 barn i alderen 1 til 6 år.

Hos oss står leik, fellesskap og trivsel i sentrum. Vi ser på leik som barnas viktigaste arena for læring, utvikling og vennskap, og dei tilsette deltek aktivt i leiken, byggjer vidare på initiativa til barna og legg til rette for utforsking og meistring.

Barnehageåret 26-27 har vi i fokus på å bruke digitale verktøy som ein naturlig del av leik, utforsking og læring i barnehagen.

Humor, glede og gode relasjonar pregar kvardagen vår, og vi arbeider målretta for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for både barn og vaksne. No søker vi ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å vere med og gi barna ein kvardag fylt med omsorg, leik og gode opplevingar.

Vedkommande som får tilbod om stillinga må legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehager §30. 


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre, evaluere og dokumentere aktivitetar med barn i alderen 0-6 år
  • Delta aktivt i dagleg arbeid med barn i alderen 0-6 år og ha medansvar for å  skape eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø
  • Samarbeide med øvrig personale med praktiske arbeidsoppgåver på avdelinga og i barnehagen
  • Gi omsorg og ta aktivt del i og støtte barna i leik, samspel og vennskap
  • Ha medansvar for å skape eit godt samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø
  • Dagleg kontakt med føresette

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller relevant utdanning og/eller erfaring frå arbeid med barn
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande IKT kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Positiv innstilling og god kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Imøtekommande, fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Påliteleg og ansvarsbevisst
  • Engasjert i å gi barna gode opplevingar og erfaringar i barnehagen
  • Positiv bidragsytar til samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
  • Stabil og omsorgsfull
  • Respektfull og evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
  • Leiken, nysgjerrig og utforskande saman med barna
  • Evne til å ta ansvar og ha oversikt over barnegruppa
  • Respektfull og raus i arbeidet med barn, kollegaer og føresette

Vi tilbyr

  • Attraktiv arbeidsplass med engasjerte tilsette
  • Godt fagleg miljø
  • Fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
  • Flotte barn og engasjerte foreldre
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Spennande og engasjerande arbeidskvardag


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Irene Becker Pedersen, Styrar, 92249603

Arbeidsstad

Haukelandsveien 38
5096 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5181093966
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2026

Slik søker du

Søknadsfrist: 10. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen