Assistent/lærar 100 % – vikariat
Moltustranda Montessori Sa
- 6076 Moltustranda (Møre og Romsdal)
Kontakt for spørsmål
- Nikoline
Moltustranda Montessori søkjer ein trygg, engasjert og fleksibel assistent/lærarvikar til skule og SFO.
Vi har ledig 100 % vikariat frå 23. oktober 2026 til 18. juni 2027. Det kan også vere mogleg å starte tidlegare, i full- eller deltidsstilling, dersom det er ønskjeleg.
Hva vi ser etter
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- er trygg, varm og tydeleg i møte med barn
- har gode relasjonelle eigenskapar
- er fleksibel og løysingsorientert
- tek initiativ og ser kva som trengst
- trivst med ein variert og aktiv arbeidsdag
- ønskjer å bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø
Montessori-erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Hos oss blir du ein viktig del av kvardagen til elevane på 1.--7. trinn. Stillinga inneber mellom anna:
- oppfølging av elevar i skulekvardagen
- støtte i fagleg, sosial og praktisk læring
- deltaking i aktivitetar ute og inne
- samarbeid med lærarar og andre tilsette
- arbeid i SFO.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
-
Gode lønns og pensjonsordningar
-
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
-
Eit lite og inkluderande arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å gjere ein forskjell for barn og unge
-
Erfaring frå ein Montessori-skule i utvikling
-
Moglegheit for vidare arbeid ved skulen kan vere aktuelt, avhengig av behov og elevtal neste skuleår.
Send søknad til:
-
post@moltustrandamontessori.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til styremedlem Nikoline Lillestøl-Moltu på telefon 481 20 152 eller rektor Monica F. Steinsvik på telefon 930 36 809.
Slik søker du
Søknadsfrist: Snarest
Åpne originalannonsenNyttig før du søker
Har du nettopp begynt å jobbe i Norge?
Jeg begynner i jobb