Gå til innhold
← Alle stillinger

Assistent eller helsefagarbeidar? Bli med på laget vårt!   

Osterøy kommune

Arbeidsgiver: Osterøy kommune
Kilde: NAV / Arbeidsplassen
Arbeidssted:
  • Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen (Osterøy), Vestland
Søknadsfrist: 14. oktober 2026
Publisert: 29. september 2026
Synlig til: 14. oktober 2026
Antall stillinger: 4
Ansettelsesform: Fast
Omfang: Deltid
Yrke: Helse og sosial

Kontakt for spørsmål

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelte på tre avdelingar, med tre til fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9–11 pasientar. Me har eige kjøken og eigen lege.

Me søkjer etter assistentar og helsefagarbeidarar som ønskjer å arbeida fast helg ved somatisk avdeling på Osterøytunet. Det kan òg vere moglegheiter for vikariat. Helgestillingane ved somatisk avdeling varierer frå 14,79 % til 17,37 %, med arbeid kvar tredje eller kvar fjerde helg. Det vil også vere moglegheit for ekstravakter.

Me har no ledige fire faste helgestillingar med oppstart frå 01.12.2026. Det kan òg vere aktuelt med vikariat.

For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kontaktpersonen vår.

På Osterøytunet nyttar me moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate.

Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø, der medarbeidarane får bidra med erfaringane sine og vere ein del av utviklinga av tenestene.


Kven søkjer vi etter?

  • du er trygg, omsorgsfull og respektfull i møte med pasientar og pårørande
  • du arbeider sjølvstendig og tek ansvar
  • du samarbeider godt med kollegaer
  • du er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • du har interesse for fagutvikling og ønskjer å bidra i utviklinga av tenestene

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 


Vi tilbyr deg

  • ei spanande og gjevande stilling
  • god opplæring
  • samarbeid med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • moglegheit til å påverka eigen arbeidsplan i planlegginga av årsturnusen kvar haust
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver

  • heilskapleg omsorg og pleie
  • praktiske oppgåver i avdelingane
  • bistand og rettleiing ut frå behova til pasienten
  • målretta miljøarbeid
  • bruk av digitale plattformer og journalsystem

Kvalifikasjonar

  • me søkjer etter helsefagarbeidarar, men andre med relevant erfaring kan òg søkja
  • det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i sjukeheim eller eldreomsorg
  • du må kunne kommunisera godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • det er ein fordel med kjennskap til digitale verktøy og journalsystem
  • personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk

De er krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stillinga. 

Osterøy kommune har 6 md prøvetid


Slik søker du

Søknadsfrist: 14. oktober 2026

SøkÅpne originalannonsen